top of page

Historia bak huset

Huset vart gjeve som naudhjelp frå Keiser Wilhelm II som ein del av oppattbygginga av Ålesund etter bybrannen i 1904. Det vart oppført på Aspøya og fekk namnet «Aspøen sovebrakke». Det finst framleis bilde av tyske marinesoldatar i kvite dressar som bygg huset. I 1904 kom lova om at det berre skulle byggjast murhus, Murtvanglova, og huset skulle rivast i 1907. P. Juuls Sandvig d.e. ville hjelpe dei svake og tok initiativ til å få ei tomt på Skodje og fekk reist huset opp att der i 1908.

 Huset vart påbygd i 1916. Frå den tid budde der opptil 38 jenter der om sommaren. Dei vart vogne den dagen dei skulle reise inn til Skodje, og likeins når dei kom attende til Ålesund på hausten. På den tida hadde dei lagt på seg frå 1,5 – 7,2  kilo, så dei har utan tvil hatt godt stell den tida dei var på ferie der. Jentekolonien vart driven med jenter fram til slutten av 50-talet, og etter dette kom det ei periode der både gutar og jenter vekselvis budde på Gutekolonien – eit hus som ikkje eksisterer i dag.

Historie: About Us

I perioder har også andre budd i huset. Frå 1948-1949 budde familien til Ole Strømmen der i 4-5 år i eine enden, medan familien Kalvø budde i andre enden. Ein lærar frå Sykkylven, Lyshol, budde der ein periode under krigen.

Skodje kommune brukte delar av huset til klasserom ei periode rundt 1960, og Skodje Fabrikker brukte det som lager for sofagrinder ei tid. Forfallet vart stadig større, og tilslutt var det berre 4 heile ruter att av 138 før alle vindauga vart spikra att med flaker. Barn og ungdom brukte huset utan løyve til sine «fritidssysler» omlag frå 1965 og utover. 

Det vart vedteke at huset skulle brennast og det var ønske om å byggje bensinstasjon og trailergarasje der. Heldigvis var det folk som gjekk i mot dette, med Ingebrikt Berg i front, som arbeidde aktivt for å berge huset. Han ringte mellom anna til lensmannen og varsla om at dersom det skulle settast fyr på huset, ville han klatre opp på mønet og sette seg fast der. Det ville i så fall verte snakk om mordbrann meinte han.

Til slutt vart det etter initiativ frå Njell Hofftun sendt ut tilbod til lag og organisasjoner om å få ta over.  Fleire lag var interesserte, men til slutt var det berre Lions Club Skodje som stod att.

Historie: Our Mission
Dugnad010.jpg
Historie: Image
Lions logo

Lions ville restaurere huset, men det vart mykje meir arbeid enn dei hadde rekna med. Mellom anna var heile vestveggen roten og måtte skiftast. Det vart gjeve eit kostnadsoverslag på skifting av vindauga på 140 000 kroner, men Ingebrikt Berg bydde seg då til å skifte dei åleine. Det var eit omfattande arbeid med reingjering av sprosser og karmar før han kunne starte med innsetting av glas. Magnar Flåthe gav då gratis glas av det originale slaget til alle rutene og etter ei tid var alt ferdig, med ein kvalitet som truleg oversteig det opprinnelege.

Særleg på grunn av dette arbeidet fekk huset «Godt vern»-prisen i 1998. Skodje kommune valde eigedomen til Tusenårsstad, og til liks med alle kommuner i landet, mottok også Skodje 119 500 kroner til dette formål. Dette vart brukt til å opparbeide parken til det den er i dag. Særleg gravemaskinleiga var ein stor post i dette.

Denne tida vart det gjeve gåver til prosjektet frå mange i bygda – både privatfolk og firma stilte opp med pengar og andre gåver.  Men arbeidet vart likevel svært krevjande for dei som heldt på, og mange gjorde ein jobb som det i ettertid står stor respekt av. Trass i det store løftet den gang, vert likevel det meste av vedlikehaldet framleis utført på dugnad. Ein må likevel skaffe midlar til ein del av dette og til dei faste kommunale avgiftene, og for å dekkje dette vert huset leigd ut til arrangement av ymse slag.

Historie: Text

Galleri

Gjennom tida på Jentekolonien er det lagt ned mykje arbeid, og det ligg mykje historie i huset. Under får De eit innblikk i korleis det er å drive huset, korleis det har sett ut tidlegare, og bilete frå diverse dugnadar.

 

Trykk på biletet for å få det fram i riktig storleik/format

Historie: Portefølje
bottom of page