©2020 Jentekolonien. Designa av Ane Olivia Uri ved AOU Media

Utleigekalender

Her kan du sjå ei oversikt over når Jentekolonien er utleigd framover. Denne kalenderen er ikkje laga for booking. Dette må gjerast ved å kontakte utleigeansvarleg på epost utleige@jentekolonien.no eller ring utleigetlf: 453 97 632.

Du kan óg enkelt sende spørsmål ved å nytte kontaktskjemaet her på heimesida.

 

Faste arrangement på Jentekolonien

Strikkekafé

Onsdagar

(sjå kalender over)

Velkomen til ein sosial samankomst arrangert av Røde Kors på Jentekolonien. Vi møtast onsdagar klokka 18:00 for strikking, skravling og kaffidrikking. Sjekk utleigekalenderen øvst på sida for å følgje med på datoane.

Arrangør:

Skodje Røde Kors

Frigjeringsdagen

8. mai 2020

Kvart år arrangerast det ei markering av Frigjeringsdagen ved Jentekolonien. Her vert det aktivitet og pålegging av krans ved minnesmerket av Herluf Nygaard som står i 1000-års parken.

Arrangør:

Lions Club

Sommarfest

20. juni 2020

Kvart år arrangerer Lions Club sommarfest på Jentekolonien i samarbeid med Røde Kors, Skodje Frilynde UL og Skøye Teaterlag. Her er det fantetog, sal av grillmat og graut, aktivitetar i 1000-års parken, og teateroppsetting.

Arrangør:

Lions Club, Røde Kors, Skodje Frilynde UL og Skøye Teaterlag

Kunstutstilling

August 2020

Kvart år under musikkfestivalen Fjord Cadenza arrangerast det kunstutstilling på Jentekolonien. Tidlegare kunstnarar inkluderer Evy Nypen, Sylvi Aambø, Ola Une Ferstad Liland, Eldar Parr og fleire.

Arrangør:

Fjord Cadenza

 
Kvinne Strikking
Herluf Nygaard.png
DSC_1879_edited.jpg
IMG_1888_edited_edited.jpg