top of page
Lokalet: About Us

Selskapslokalet

Hovudlokalet rommar inntil 50 gjestar med dekkety, og kan organiserast med både langbord og småbord.

Skjermbilde 2019-12-13 kl. 12.47.30.png
Lokalet: About Us

Kjøkken

Kjøkkenet vart pussa opp i 2019 og har det meste av utstyr ein treng for matlaging. Innreiinga er av rustfritt stål, og kjem med både steikeomn, steamer og store kjøleskap.

Lokalet: About Us

Gamalstove

Huset har ei «gamalstove» som kan nyttast til leikerom for barn eller for dei som ønskjer å trekkje seg tilbake frå selskapet ei periode. Rommet er innreidd med retro møblar og har ei koseleg stemning som passar for både unge og eldre.

Lokalet: About Us

Bodegaen

I kjellaren på Jentekolonien finst eit koseleg lokale tilpassa små, uhøgtidlege samankomstar og selskap. Lokalet er nyoppussa med benkar bord, tv, peis og bar, samt enkle toalettfasilitetar. Passar ypperleg for forsamlingar inntil 20 personar. Den vakre mosaikkkunsten på veggen er laga av den kjende kunstnaren Ansgar Leiten. 

Lokalet: About Us

Partyteltet

I sommarmånadane vil det óg vere eit stort partytelt tilgjengeleg i tilknytning til Jentekolonien og Tusenårsparken. Her kan det husast større selskap, som t.d. bryllaup, med boltreplass og sitjeplassar til over 100 personar. Teltet er 12 x 18 meter, og leigast ut saman med huset slik at kjøkken og toalett er tilgjengeleg.

IMG_3650.HEIC
IMG_7347.HEIC
Lokalet: About Us

1000-års parken

1000-års parken er Jentekolonien sin hage. Her kan barn og vaksne kose seg i nydelege omgivnader med andedam, store plenar for aktivitetar og ein hage som blomar i alle fargar. Det er óg ei mobil scene som kan nyttast ved konsertar og liknande.

7.jpg

Foto: John Colbensen

3.jpg

Foto: John Colbensen

Lokalet: About Us

Fasade og parkering

Huset har trapper på framsida og baksida av huset, samt ei rampe på baksida. Rullestolbrukarar kjem seg fint fram til hovudetasjen der både selskapslokalet, kjøkken, gamalstova og toalett er. 

Det er gode parkeringsforhold både på aust- og vestsida av huset.

8.jpg

Foto: John Colbensen

9.jpg

Foto: John Colbensen

bottom of page